Um Ihnen ein möglichst angenehmes Surf-Erlebnis zu bieten, werden auf dieser Seite Cookies verwendet. Mehr darüber erfahren Sie hier.
Visit Jotunheimen tek ditt personvern på alvor. Personvernerklæringa handlar om hensynet til ditt privatliv og sikkerheit, og omtaler korleis www.visitjotunheimen.no samlar inn og bruker dine personlege opplysninger.
Behandlingsansvarleg
Dagleg leiar av selskapet er hovudansvarleg for behandling av personopplysningane. I leiarens fråvær er det utelukkande ansatte i selskapet som har tilgang til desse opplysningane.
Formål med informasjonskapslar ("cookies")
Formålet med innhenting av kundedata er fyrst og fremst for å yte best mogleg service. Nettsida bruker Google Analytics for å forstå korleis du bruker innhaldet, og for å finne ut korleis vi kan forbetre produktet. Desse informasjonskapslane fylgjer din progresjon gjennom websida, samlar inn anonyme data om kvar du sist har vore, kva for sider du besøker og tida du bruker på websida. Desse dataene blir lagra av Google for å kunne opprette rapportar. Informasjonskapslane lagrar ikkje dine personlege data.
Informasjonen som blir generert av informasjonskapselen om din bruk av websida, inkludert IP-adressa, kan overførast til og lagrast av Google på servere i USA eller andre land der Google har datasentre. Google kan bruke denne informasjonen til å evaluere din bruk av websida, utarbeide rapportar om websideaktivitet og levere andre tenester knytt til websideaktivitet og internett-bruk. Google kan òg overføre denne informasjonen til tredjepartar der dette er påkravd i samsvar med lovgiving, eller der slike tredjepartar behandlar informasjonen på Googles vegne. Google kan kombinere informasjonen (inkludert IP-adresser) som er innhenta via Google Analytics Premium og DoubleClick Bid Manager, for å levere desse tenestene. Ved å bruke denne websida samtykker du i at Google behandlar dine data på den måten og med dei formål som angitt over.
Informasjonskapslane for Google Analytics blir oppretta automatisk, med mindre den besøkande sin nettlesar er stilt inn på å avvise dei. Besøkande kan stille inn nettlesaren til å godta eller avvise alle eller enkelte informasjonskapslar. Alle nyare versjonar av dei fleste nettlesarane gir brukarane ein viss kontroll over informasjonskapslar. Du finn meir informasjon om korleis du kan kontrollere korleis webservere brukar informasjonskapslar på datamaskina (inkludert informasjonskapslar frå Google Analytics), på websida http://www.aboutcookies.org/, som inneheld ei vegleiing til korleis du slettar og kontrollerer informasjonskapslar.
Google si webside inneheld ytterlegare informasjon om Analytics og ein kopi av Google si personvernserklæring.
Besøkande kan forhindre at Google Analytics samlar inn trafikkloggdata. Google Analytics har utvikla “Google Analytics Opt-out Browser Add-on”, for å gje besøkande større val når det gjeld korleis data blir samla inn. Dette nettlesartillegget kommuniserer med Google Analytics JavaScript (ga.js) for å angje at informasjonen om websida ikkje skal sendast til Google Analytics.
Vi anbefaler at du sikrar at nettlesaren er oppdatert, og at du nyttar deg av hjelp og vegleiing frå leverandøren av nettlesaren om du er usikker på innstillingane for personvern.
Personopplysningar
Informasjonen som kunden blir bedt om å oppgjeve er: Namn, telefonnummer, e-post og ein beskjed. Målet med å ha eit integrert skjema kundane kan sende inn opplysningar til, er utelukkande for å kunne yte best muleg service, samt å svare kunden på førespurnadar. Informasjonen vi mottar frå personene blir henta frå kontaktskjema og via Google Analytics.
Det er frivillig om kunden ynskjer å gje bort sine opplysningar. Ynskjer ikkje kunden å gje noko informasjon, blir det gjeve moglegheit til å sende inn ein e-post eller ringe selskapet direkte. Kunden kan også møte opp til selskapet si adresse og sende vanleg post til selskapet. I kontaktskjemaet blir kunden bede om å fylle inn alle felt, utelukkande for å unngå spam og andre useriøse førespurnader. Ingen av opplysningane blir gjeve vidare eller seld vidare til 3. part.
Visit Jotunheimen og www.visitjotunheimen.no føreheld seg til norske lover og reglar i alt vårt arbeid.
Ved spørsmål til informasjonen, kan dagleg leiar kontaktast på e-post: mari@visitjotunheimen.no
© Visit Jotunheimen. Copyright